I oktober fekk me eit nytt familiemedlem i familien Grønstad, Lene og Bjørn Runar fekk ei jente som heiter Vilde. Me storkosar oss med denne vesle jenta!
Me på Ramsvik gard ønskjer alle ei god jul og eit godt nyttår!

Kvart år samlar me familien i Sigurd-huset, her et me graut og kosar oss med juleaktivitetar. Barna ventar spent på at fjosnissen skal kome på besøk etter at grautskålene er tomme. Og kom gjorde han, men i år på hesteryggen. Denne fjosnissen stiller opp kvart år ikledd som ein skikkelig gammeldags fjosnisse. Det er Ruth (mormor til Bjørn Runar og Anne Lise Grønstad) som har den faste «jobben» som fjosnisse. I år fekk hu prøve å ri for fyrste gang på Ramsvik Nelly. Noko som gjekk strålande fint. God Jul!
Eit atten år langt liv er no avslutta for Bottolfs Lina (f.1999). I mange år har ho gitt oss glede kvart år med sine nydelige føl. Ei avlshoppe som har gjort ei strålande jobb!
Men i det siste har Lina vist lite utstråling og mista livsgnisten…Me ville la ho få sleppe å lide og velde då å avslutte med ein fredeleg avliving heime på garden.

Alle unghestane gjorde ein kjempeinnsats!